Gutta i Reigstad Bygg og Eigedom AS er med vidare!

4 x Reigstad var denne veka innom klubbhuset og forlenga avtalen!

Nordhordland Ballklubb er stolt og glad for at Reigstad Bygg og Eigedom AS forlenger sponsoravtalen med klubben!

Litt om Reigstad Bygg og Eigedom AS
Reigstad Bygg og Eigedom AS såg dagens lys i år 2000, og dei fleste byggeprosjekta som bedrifta har hatt og har i dag er lokale. Brødrene Reigstad har alle drive med idrett og fotball, og er glade for å sjå det høge aktivitetsnivået som mellom anna er på fotballbanene i Knarvik, Seim og Alversund.


Med denne tilhørligheiten til området er det derfor naturleg for Reigstad Bygg å støtte det gode arbeidet NBK gjer for innbyggjarane i nærområdet.


Med at vår logo er plassert på drakter og treningsutstyr gjer oss stolte, og er med å viser at me bryr oss om det viktige arbeidet som vert gjort for våre håpefulle i lokalfotballen. Det er også med på å bevisstgjere alle at Reigstad Bygg og Eigedom er ein av dei største utbyggjarane i området. Alverparken bustadfelt er no under oppføring mellom Isdalstø og Ikenberget med unike kvalitetar som sjøutsikt, kyststi, park, naustmiljø og badeplass like ved. Svært stort fokus på mange gode utomhusareal som fremjar fysisk aktivitet for alle aldrar,
fortel Geir Reigstad.


Lokal tilhørligheit og langsiktigheit

For Nordhordland Ballklubb er det svært viktig å ha sponsorar som ser kor viktig det er med eit godt organisert fritidstilbod i nærområdet. Gutta i Reigstad Bygg og Eigedom AS viser stor interesse for arbeidet alle i Nordhordland Ballklubb legg ned, året gjennom, seier Øystein Johansen, markedsansvarlig i Nordhordland Ballklubb.


Reigstad Bygg og Eigedom AS vil dei neste 3 åra fortsatt ha sin logo på ryggen på vår klubbkolleksjon, eiga namnet til ungdomsturneringa Reigstad Bygg Cup, skiltpakke på stadion og synlegheit i og rundt klubben forøvrig.


Alverparken
Reigstad Bygg og Eigedom AS er i gong med utviklinga av Alverparken. Dette er eit buområde mellom Ikenberget og Isdalstø, berre ein kort oppvarmingstur frå Knarvik Stadion. Selskapet har i samarbeid med Eiendomsmegler Vest visning førstkommande søndag kl 13-14.
https://alverparken.no/


Utleige av næringslokale
Selskapet har også lokale til leige sentralt i Knarvik, heilt ved sjøkanten. For meir informasjon og kontaktopplysningar, sjå http://www.reigstadbygg.no/


Banekalender

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift